mandag 7. desember 2009
Dag ukjent: Svake mennsker
Du svake mennske - det er oss det. Dette var endinga på denne visa. Vi har innsjått at det å leva utan brus rett og slett er unaudsynt og særs vanskeleg å gjennomføre. Men for de av dykk som framleis vil klara dykk. Stå på! Sjølv om me er svake, treng ikkje det tyde at de er det! Så, brusdrikkare utan hemningar - forein dykkar!
onsdag 25. november 2009
Dag 3: Reglar er til for å endrast
Eit bilete seier meir enn ord -
julebrusen frå Dahls har no ankomme slottet.
God jul, frå Elise og Maria!
tirsdag 24. november 2009
Dag 2: Første fristelse motstått
Nå har me vore brusfrie i 1 heil dag. Og allereie har freistingane kome på løpande band. Me takka nettopp nei til eit glas forfriskande djeveldrikk!
Dagens tips:
I staden for å drikke brus - spel Sims! Det er mykje kjekkare!
Dagens tips:
I staden for å drikke brus - spel Sims! Det er mykje kjekkare!
mandag 23. november 2009
Dag 1: Ein ny og tøffare kvardag....
Så har me gjort det. Hevi oss ut i verdsveva med storm, i håp om at nokon der ute treng våre råd og oppmuntringar. I desse mørke og kalde vintertider, er det lett å late seg frista av ein flaske djeveldrikk!!
Men frykt ikkje, vi er her for å redde oss sjølve og andre frå sukkersuget. Saman er me sterke, og lar oss ikkje knekke.
Brusdrikkarar utan hemningar, forein dykkar!
Men frykt ikkje, vi er her for å redde oss sjølve og andre frå sukkersuget. Saman er me sterke, og lar oss ikkje knekke.
Brusdrikkarar utan hemningar, forein dykkar!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)